Valldal Hytteservice
Vi utfører det meste for dei fleste! Med lang og allsidig bakgrunn innen snekring, torvtak og membran tek vi på oss ulike typar oppdrag rundt om på Sunnmøre. Her finn du noko av det vi kan stå til tjeneste med!
Snikkararbeid
Restaurering, oppussing, nybygg med meir
Torvtak
Ferdig nysådd torvtak. Vedlikehaldsavtale på torvtak. Legging av heilsveist membran
Kultur
Bygging av grindbygg og gapahuk
Ymse
Vedlikehald av fritidseigendommar. Snømåking. Stilasutleige. Tilsyn
Årlig vedlikehaldsavtale for torvtak
35kr per kvadratmeter tak (eks. mva)
VÅR
Kalking ved snøgang og gjødsling etter spirestart.
Rake opp graset etter vinteren.
SOMMAR og HAUST
Klippe graset og rake det ned.
Sprøyte for eventuelt ugras langsmed.
Fylle på med jord og frø om de trengs.
Kontakt oss for å tegne avtale!
Produkta våre
Jordblanding
- Nordic Garden jordblanding
- Blandinga består av naturkompost, naturtorv og fullkomposert bark
- Jorda blir levert i storsekkar på 1200L (750 kg), dekker ca.7 m2
- Kan også leverast i småsekkar på 50L, 4 sekkar dekker 1 m2
Torvtakmembran
- TM Vanntett er ein fleksibel mjuk membran til bruk på torvtak.
- Den fungerar som ei effektiv sperre mot røtter og fukt mellom tak og torv, er motstandsdyktig mot humus, og inneheld ingen giftstoff eller halogenar.
- Membranen er 1,2 mm tjukk, slitesterk og lett å jobbe med.
- Membranen leggast rett på undertak/tro, skruast og sveisast fast.
Radonmembran
- er eit sterkt og miljøvennleg materiale med fantastiske sveiseeigenskapar som garanterar enkel, rask og sikker montering
- Membran er produsert av mjuk PP (TPO) og gir ei optimal løysning for radonsikring. Membran er tilpassa både bruksgruppe A og B.
- RMA Radontett er 1,2 mm tjukk og har Sintef Teknisk godkjenning for bruksgruppene A og B.
- RMB Radontett er 0,8 mm tjukk og har Sintef Teknisk godkjenning for bruksgruppe B.
- Membran produserast i Norge
På lager
- Jord i småsekkar 50L
- Jord i storsekkar 1200L
- Membran
- Never
- Gjødsel
- Frø
Torvtak har lange tradisjonar i Norge og eit torvtak gir ei lun atmosfære og skaper ein vakker og naturlig heilhet med naturen omkring. Eit godt torvtak er svalende om sommaren, er varmeisolerande om vinteren, og har også den evna at det skjermar effektivt mot støy. Desse eigenskapane kjem til nytte når toppetasjar innreiast til bolegrom. Når torvdekke skal velgast er det viktig å velge kvalitet.
Valldal Hytteservice har lang erfaring med torvtak og hjelp deg med å finne beste løysing og produkt!
Om oss
Valldal Hytteservice etablert i 2000 har to tilsette – Håvar Heggen og Ivar Normann Heggen.
Håvar Heggen har fagbrev som tømrer, han har spesialisert seg på sveising av membran. Har også renovert ein del eldre hus både utvending og innvending. Han har ei løysing på det meste.
Ivar Nordmann er bonde av yrke og er ein alt-mulig-mann . Ein resurs i firmaet når det gjelder erfaring på det meste, han gjer alt fra støyping til torvtak. La sitt første torvtak i 2004.
Org nr 969 232 014
Adresse
Valldal Hytteservice
Døvingssida 546
6210 Valldal